Femte runde ja
December 11th, 2009 by Saccarina
Obama vinner fredsprisen, Norge vinner VM i statsmannengelsk og Harald Bredeli og Bent Svele ligger godt an til å vinne VM i håndballstrategi fra sidelinjen. Det er liksom ikke måte på. Men hvem vinner Tordenbloggen?
Det er den gærne Mullahen som får æren av å åpne i dag. Han har, etter blogginnleggene å dømme, vansmektet i PSTs varetekt de siste døgnene, så her er vår innsats for at han ikke skal bli avglemt i en liten polstret celle:
1. Regine Stokke – Face your fear – Face your fear. Accept your war. It is what it is.
Ein må ha levd under ein stein for ikkje å ha fått med seg Regine Stokke sin kamp mot krefta det siste året. Dei siste året av sitt liv har ho delt sitt von, si sorg, si smerte og redsel med tusenvis av lesarar. Bloggen er vond og trist å lese, men den er ærleg, og gjev eit andlet til ein sjukdom som rammar så altfor mange. Gjennom bloggen nådde ho eit stort antal menneske, som samla inn over 300 000 til kreftsaka i hennar namn. Bloggen hennar er eit glimrande døme på korleis internett kan nå folk på eit positivt vis.
2. Den Tvilsomme Humanist
Den Tvilsomme Humanist er hjartebarnet til Arnfinn Pettersen, og ein av mange bloggar han har produsert. Denne bloggen driv han i kraft av si stilling i Human-Etisk Forbund, og er hovudsakleg via til viktige livssynsspørsmål (samt bitre sleivspark og platt humor), men Pettersen er ein serie-bloggstartar. Han startar og stengar private bloggar i hytt og pine, medan Den Tvilsomme Humanist består. Den samla bloggproduksjonen til Pettersen er både underhaldande og opplysande, prega av skeptisisme, konservativisme, uvanleg musikk og det viktorianske. Og denne samla produksjonen gjer han til ein klår favoritt i blogglista.
3. Astrid Meland
Astrid Meland bekjempar til dagleg våre fordommar mot Dagbladjournalistar, med opplysande artiklar og spenstige tema i Magasinet på nett. I bloggen raljerar ho rundt dei same tema, på eit lettfatteleg og morosamt vis. Bloggen hennar har snøgt blitt ein av Noregs mest leste, og ein av dei meir underhaldande stoppestadane i den norske bloggosfæra. Meland konsernet lenge leve.
4. Skepsisbloggen
Enten det no er mobilstråling, kyniske praktikantar av alternativ medisin eller ufologi du er mest opptatt av, så er Skepsisbloggen ein viktig stoppestad. Bloggen er den forlenga armen til Skepsis.no, nettsida til skeptikarforeininga i Noreg, og er i all hovudsak skriven av religionsvitar Asbjørn Dyrendal og eit par andre ildsjeler som tidvis dukkar opp i byline. Bloggen er første stoppestad for å få ammunisjon mot TVNorge sine siste programsatsingar om det «overnaturlege», helsepanikkar og konspirasjonsteoriar. Blogginnlegga er som oftast basert på grundig forsking og sunn fornuft, og er ikkje heilt forutan humoristiske innslag. Absolutt ein verdig stoppestad for dei kunnskapssøkjande.
5. Bak rosa burkaer og gule mullahskjegg
Islam står på plakaten i Noreg, og fleire ønskjer å lære meir, ikkje berre om religionen, men om korleis det er å leve som muslim. Den unge jenta bak denne bloggen, er ein talentfull skribent og formidlar som til stadig klarar å vise Islam sitt kvardagslege og mennesklege andlet. Ho er reflektert og kunnskapsrik, og brenn for formidlinga av sin religion utan nokon gong verte misjonerande eller fordømmande overfor sine lesarar. Ho har for tida ein kort bloggpause medan ho studerar arabisk i Damascus, og ein ventar med stor forventing på kva ho har å fortelje når ho kjem heim.
6. Revolusjonært Roteloft
Dei fleste har fått med seg Ida Jackson og hennar blogg, der ho ikkje berre delar sine idear om verdsveven og politikk, men òg sine psykiske problem. Bloggen har blitt umåteleg populær, og gjennom den har «Virrvarr» blitt ein ettersøk førelesar og kommentator, ikkje berre om internett, men òg om dei spørsmåla som opptar henne i bloggen. «Virrvarr» framstår som både kunnskapsrik og engasjert, og er ein skribent som er i stand til å formidle sine idear til eit stort antall lesarar. Ho er ein fast blogg for dei fleste i den norske bloggosfæra.
7. Spillpikene
Jenter speler dataspel. Og likar det. Du veit det. Eg veit det. Likevel er dette alltid ei nyhende «der ute». Spillpikene sett søkjelys på det å vere jente, og å fulltidsnerd. Jentene bak denne bloggen har ulike bakgrunner og interesser, men delar ein akademisk og leikande tilnærming til dataspel og spelkulturen. Bloggen er både informativ og morosam, og byr på interessante lenker. Er du spelinteressert, så bør du lese Spillpikene.
8. Opplysningskontoret
Tull og tøys. Det er dette internett er dedikert til, er det ikkje? Opplysningskontoret er tull, tøys og mykje fjas og fanteri. Opplysningskontoret satiriserar og parodierar mediekvardagen i dag, og er til tider veldig treffsikre. Som dei fleste humorbloggar er det både gode og dårlege innlegg, men når Opplysningskontoret først treff blink, så treff dei ekstremt godt.
9. Barbro Andersen
Moteblogging er populært der ute, men ikkje alle er like interessante. Ein vert gjerne litt sliten av å sjå på bilete og videoar av platinablonde tenåringsjenter som demonstrerar sminke og visar fram deira siste innkjøp frå Hennes & Mauritz. Barbro Andersen er difor eit friskt pust i denne verda, ei vakker nord-norsk jente med ypperleg stilsans, og ein veldig god penn. Det er ikkje ofte ein opplev at motebloggarar òg kan skrive.
10. The Lord Bassington-Bassington Chronicles
Ein relativt nykommer til den norske bloggosfæra, og kandidaturet er gjerne eit resultat av min eigen smak innan musikk og kultur. Bloggen er ført i pennen av sekretæren til den adelege bassetthunden Lord Bassington-Bassington, og tar opp viktige Lovecraftianske livsstilsspørsmål, dandyisme (stil for menn) og musikk folk flest aldri har høyrd om. Særleg neofolk og dark ambient står på programmet her, til mi store glede. Bloggen er skreven med ein særeigen tørr humor, i ein deilig gamaldags og formell innpakning. Eit friskt pust for oss meir anakronistiske framtoningar.
Så var det lista da:
1. Virrvarr
2. Fr.martinsen
3. Regine Stokke
4. Vox Populi
5. Det skulle tatt seg ut
6. Arachne
7. Astrid Meland
8. NRKbeta
9. Hjartesmil
10. Eirik Newth
11. Indregard
12. Esquil røler om
13. Frøken Makeløs
14. Martin Bekkelund
15. En annens liv
16. Øyvind Holen
17. Bård Vegard Solhjell
18. Marias metode
19. Livet leker
20. Verden sett fra Sofienberg
De to første plassene holder seg, men Virrvarr har sikret grepet om førsteplassen siden i går. Så er det litt omstokkinger på de neste tre, og Arachne er oppe og snuser på topp 5 med Astrid Meland hakk i hæl.
Esquil, som hoppet ut av lista sist uke, har like plutselig hoppet tilbake, og helt opp på 12. plass. Omtrent det samme har skjedd med Frøken Makeløs. Det forteller oss at marginene er små og stillingen ganske jevn midt på lista. Mye kan fremdeles skje, altså. Men nå når halvparten av stemmene er talt opp må man nok gå ut fra at vinneren befinner seg blant de navnene vi allerede har. Det blir ekstra spennende å se hvor mange av dem som også går igjen i Lynbloggen.
- 2 Comments »
- Posted in Redaksjon

December 11th, 2009 at 11:26 am
[...] disse dager foregår den årlige kåringen av Tordenbloggen. 100-150 av de bloggerne som er blitt plukket flest ganger i løpet av de siste året ble for et [...]
October 17th, 2011 at 11:53 am
@PrincessHalder 1 unfollowed you between 3PM and 4PM. See who: http://t.co/x75PnCiF